Medlemskap og innmelding

Så enkelt er det å melda seg inn i Eikanger IL:



Gå inn på: https://minidrett.nif.no



Dersom du allereie er registret der søkjer du opp Eikanger idrettslag og ber om å verta medlem/stadfester at du er medlem. Er du ikkje registrert i «minidrett» må du registrere deg der først.



Du må registrera deg med fullt namn, fødselsdato (dato, månad, år), adresse, mobilnummer (eitt el. fleire), e-postadresse (ei el. fleire) og kva idrett du skal vera registrert som medlem i. På denne måten kan du administrera medlemsskapet ditt sjølv.



God rettleiing finn du på minidrett.no - hjelpfunksjonen https://itinfo.nif.no/Min_idrett_brukerveiledning



Lurer du på noko om medlemskap, send ein e-post til medlem.eikangeril@gmail.com



eller: Møt opp på trening saman med kameratar, og snakk med trenaren.

Du er alltid velkommen i Eikanger IL


Medlemsoversikt
For Eikanger IL er det viktig at du som medlem registrerer deg i https://minidrett.nif.no.
Registreringane her utgjer idrettslagt si medlemsoversikt.



Medlemskontingent
Krav om medlemskontingent vil koma som ei elektronisk løysing gjennom minidrett.no. Dersom du ikkje ønskjer elektronisk faktura på medlemskontingenten, ta kontakt med idrettslaget (medlem.eikangeril@gmail.com) så får du faktura med kid-nummer.



Satsar for medlemskontingent
For 2015 er medlemskontingenten i Eikanger IL:



  • Born t.o.m. det året dei fyller 18 år betalar kr. 250,- pr. kalenderår.
  • Aktive vaksne f.o.m. det året dei fyller 19 år betalar kr 400,- pr. kalenderår.
  • Familiekontingent 800,- pr. kalenderår (born kan vera del av familiekontingent t.o.m. det året dei fyller 18)

Passive medlemmer er ein fin måte å støtta eit positivt arbeid blant born og unge i bygda er å teikna seg som passivt medlem i laget. Mange besteforeldre støttar fritidstilbodet til barneborna på denne måten. Passivt medlemskap kostar 250,- kroner pr. år.



Det er årsmøtet som fastset Eikanger idrettslag sin kontingent. Fotballgruppa krev i tillegg inn treningsavgift/gruppekontingent.



Unngå purringar
Etter betalingsfrist for 2. gongs purring risikerer du å verta utestengt frå aktiviteten du er med på. Det er ein stor jobb å halda medlemsregisteret oppdatert, og feil kan skje. Skulle du få feil krav, ver snill og meld kjapt tilbake.



Utmelding
Medlemmane (eller dei føresette) må gje melding via brev eller e-post dersom dei ikkje lenger deltek på aktivitetar i Eikanger IL og såleis ikkje ynskjer å stå som medlem. Formelt er du medlem til idrettslaget har motteke utmelding.



Kontaktpersonar

Leiar: Robert Lorang Hansen



Kasserar for Eikanger IL: Janina Kjeilen



E-post: leiar.eikangeril@gmail.com

Medlemskap: medlem.eikangeril@gmail.com



Powered by: Bloc