Ti fine turar

Ti fine turar 2015For dei som vil trimma i terrenget er «Ti fine turar» eit opplegg der det på ti stader i skog, mark og fjell er plassert postar. Ved å kjøpa registreringskort/klyppekort kan du delta i trekkinga om fine premiar ved sesongslutt. Postane er plasserte både i området til idrettslaget og andre stader i Nordhordland. Klyppetang er plassert på kvar "topp" og fleire stader er tang lagt i "Ti Fine Turar"-kasse. EIL har også ansvar for turbok på enkelte av postane. Postane ligg ute frå 1.mai til 1.november.

Ti fine turar plakat 2015-1.pdf

Kart som viser kvar postane er plasserte (pdf-fil)

Omtale av dei ti postane

1. Blåfjellet - 851 moh.
Vanskegrad: Litt krevjande
Lengde: ca. 2,8 km ein veg. Turtid: ca. 2,5 timar ein veg.
Parker på parkeringsplass på Steinareset. Gå over vegen, til venstre og inn veg forbi geitefjøs og vidare inn på sti.
NB! Ein del sauer på beite, så hund må vera i band.




2. Velandseggjene (Djupedalseggene) - 446 moh.
Vanskegrad: Middels
Lengde: ca. 5 km ein veg. Turtid: ca. 2 timar ein veg.
Ta av til høgre ved Ostereidet senter og kjør ca. 2 km mot Bjørsvik til skilt Storsæt. Kjør til endes på grusveg til Storsæt. Lite parkering, men parker ved sida av snuplass eller ut på vegkant. Gå opp ved steingard ca. 100 m til ein kjem inn på sti. Skilt til Veland oppanfor snuplass.



3. Skausnøya - 363 moh.
Vanskegrad: Enkel
Lengde: ca. 2,7 km ein veg. Turtid: ca. 1,0 time ein veg.
Kjør til Fjellsbø. Parker på venstre side av veg ca. 50 m før snuplass i enden av veg. Gå rett fram forbi hus inn på traktorveg. Oppe i skar går det sti til venstre. Kan også gå frå Vågseidet, sjå Turomtale og kart på UT.no



4. Husdalsfjellet - 623 moh.
Vanskegrad: Middels.
Lengde: ca 3,7 km ein veg. Turtid: ca. 1,5 time ein veg.
Ta av ved kryss til Molvik og kjør 400 m. Parker i sving rett over bru. Turen starter ved bomveg til venstre til Husdalsgardane.
Turomtale og kart på UT.no



5. Austlendingen - 812 moh.
Vanskegrad: Krevjande.
Lengde: ca. 3,8 km ein veg. Turtid: ca. 2,5 timar ein veg.
Parker ved avkjørsel til Masfjordnes 200 m før Eikefettunellen.
Gå 50 m mot tunell og ta inn på sti til høgre. Bratt terreng i start av tur.
Turbomtale og kart på UT.no

6. Myrsfjellet - 160 moh.
Vanskegrad: Enkel
Lengde: ca. 2,9 km ein veg. Turtid: ca. 1 time ein veg.
Parker ved avkjørsel til Vest-Norsk Dørfabrikk/Tveitestø på Dalsgrend. Skilt på stolpe ved hus rett fram. Sjå kart for å gå rundtur enten via fjellet eller på hovedveg tilbake til utgangspunkt.



7. Selivarden - 395 moh.
Vanskegrad: Enkel.
Lengde: ca. 2,5 km ein veg. Turtid: ca. 1,0 time ein veg.
Kjør til Fjellsbø. Parker på venstre side av veg ca. 50 m før snuplass i enden av veg. Gå rett fram forbi hus inn på traktorveg. Oppe i skar går det sti til høgre. Kan kombinerast med tur til Skausnøya (til venstre i skar). Du kan også starta frå Reikerås (Tveitegrend) Turomtale og kart med start frå Reikeråsloftet på: http://www.westcoastpeaks.com/

8. Vassberget - 288 moh.
Vanskegrad: Enkel.
Lengde: ca. 2,0 km ein veg. Turtid: ca. 1,0 time ein veg.
Parker utanfor gjerde ved hestevegen ved kryss til Åse. Gå rundt gjerde og ca. 750 m innover grusveg. Ta så til høgre ved skilt Vassberget. Ved vegskilje på sti/traktorveg, ta til høgre. Fint å fortsetja tur rundt Storevatnet.


9. Såto (Bjørge) - 354 moh.
Vanskegrad: Enkel.
Lengde: ca. 1,2 km ein veg. Turtid: ca. 1,0 time ein veg.
Ta av E39 ved kryss til Eknes. Kjør under veg til venstre mot Hindenes og vidare til Bjørge. Kjør til enden av grusveg og parker på liten parkeringsplass. Fint å gå vidare frå Såto til Seterkletten for ein litt lenger tur. Turen vert merkt i løpet av våren.



10. Gladihaug - 430 moh.
Vanskegrad: Enkel.
Lengde: ca. 1,5 km ein veg. Turtid: ca. 1 time ein veg.
Ta av ved kryss til Leknes og kjør til Hopsdal og parker i enden av veg.
For litt lenger tur gå rundtur via Krossane.
Turomtale og kart på UT.no



Kjøp turkort

Her kan du kjøpa turkort til «Ti fine turar»:

Vaage Karosseri
Hjelmås Handel
REMA 1000 Ostereidet
Høyland Auto
Butikken på Kløve

Pris: kr 25,00

Turomtale vert levert med.
Powered by: Bloc