Ny Færø-dobbel i karusellfinalen
Postet av Stanley Hauge den 12. Apr 2026

STARTEN: Marius Eidsnes Phillips (nr. 16), Jo-Harald Færø (nr. 28) og Bjørn Harald Nævdal (nr. 11) tok teten frå start.
Jo-Harald Færø og Bertine-Helene Færø var på ny raskaste mann og kvinner i karusellen på Eikanger. Men dei hadde meir kamp enn på lenge om sigrane sjølv om begge sette sesongbestetider.

INNSPURT: Jo-Harald Færø vinn sekundet føre Bjørn Harald Nævdal.
Jo-Harald fekk hard kamp av Bjørn Harald Nævdal. På tida 6.51 var han sekundet føre Bjørn Haralad som med 6.52 sette ny bestenotering med ti sekund forbetring. På tider like over sju minuttar kom tre karar til. Mustafa Isman Afan deburte med tredjeplass på 7.01. Axel Wollan noterte 7.07 og Liam Eidsnes Phillips 7.10.

STERK DEBUT: Mustafa Isman Adan debuterte med ein flott tredjeplass på tida 7.01.
Bertine-Helene Færø sprang på sesongbeste 7.28. Nest raskaste kvinne var Nellie Taule som debuterte på 7.38. Grethe Jørgensen leverte på ny eit solid løp på 8.26.
VINNAR PÅ SESONGBESTE: Bertine-Helene Færø.

FLOTT DEBUT: Nellie Taule debuterte med 7.38.
Ei rekkje løparar, både yngre og veteranar, oppnådde sesongbeste og ein del nye bestetider i karusellfinalen. Forholda var gode med solskin, tørr veg, men litt motvind bortover langs vågen til brua.
78 personar stilte til start. Løpsfeltet talde 35 startande, det meste på lange tider.

FLEST SIGRAR: Grethe Jørgensen og Bertine-Helene Færø har hegger vore raskaste kvinne i karusellen 47 gonger.
Bertine-Helene Færø var raskaste kvinne for 47 gong og ho og Grethe Jørgensen står dermed likt etter denne sesongen. For Jo-Harald Færø var det 32. gongen han gjekk til topps.
Før premieutdelinga var det ei kort minnemarkering for Svein Roar Kvamme som brått og uventa gjekk bort 19. mars. Han har løpsrekorden i karusellen med 5.58 frå 2017, og han er den einaste som har sprunge under seks minuttar. Han vert djupt sakna også i løpsmiljøet.

FJERDEPLASS: Axel Wollan sikra fjerdepllass med 7.07.
Ca. 70 deltakarar fekk medaljar for å ha vore med i tre eller fleire løp denne sesongen.

POKALVINNARAR: Frå venstre: Jo-Harald Færø, Inge Leknes, Håkon Rongved, Åge Toft, Margrethe Høyland, Isak Øvretveit Hosøy, Ruben Hosøy og Mathilde Eneroth Høyland.
Større foto: Pokalvinnarar-2026_3873-N3000.jpg
Fleire vart premierte for mange startar fram gjennom åra. Åge Toft fekk premie for å ha passert 200 startar (202). Håkon Rongved (154), Inge Leknes (152) og Margrethe Høyland (151) passerte milepålen 150 startar. Jo-Harald Færø (76 startar). Og fire personar passerte 30 startar: Isak Øvretveit Hosøy (34), Ruben Hosøy (31), Mathilde Eneroth Høyland (30) og Svein Olav Heggernes (30).
Vinterkarusell 2025-26, 7. løp.
Eikanger 11. april 2026
Arr.: Eikanger IL
Sol, motvind til brua, tørr veg, + 11-12° C.
«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Jo-Harald Færø 6.51
2. Bjørn Harald Nævdal 6.52
3. Mustafa Isman Adan 7.01
4. Axel Wollan 7.07
5. Liam Eidsnes Phillips 7.10
6. Bertine-Helene Færø 7.28
7. Nellie Taule 7.38
8. Marius Eidsnes Phillips 7.46
9. Stian Matre 8.19
10. Einar Færø 8.21
Liam Eidsnes Phillips.
11. Grethe Jørgensen 8.26
12. Are Flekke 8.48
13. Petter Hindenes 8.55
14. Karl Vågstøl 9.00
15. Trond Veland Eriksen 9.03
16. Sverre Kvamme 9.04
17. Øyvind Farstad 9.23
18. Are Mjanger 9.27
19. Nikolai Færø 9.30
20. Kennet Innvær 9.42
Kenneth Innver fremst. Lenger bak Rubern Hosøy, Isak Øvretveit Hosøy og Arvid Hauge.
21. Isak Øvretveit Hosøy 9.50
22. Ruben Hosøy 9.50
23. Arvid Hauge 9.55
24. Ørjan Taule 10.02
25. Sigmund Nævdal 10.05
26. Fredrik Aase Nævdal 10.11
27. Christer Aase Nævdal 10.23
28. Jan Kårbø 10.46
29. Cathrina Eidsnes Phillips 10.51
30. Johannes Landro Fyllingsnes 10.59

Stian Matre.
31. Jakob Husum Nævdal 11.01
32. Mathilde Eneroth Høyland 11.02
33. Odd Inge Høyland 11.03
34. Terje Eidsnes 11.12
35. Sebastian Aase Nævdal 12.12
Trond Veland Eriksen (t.v.) og Sverre Kvamme.
Utan tid:
Kristian Bjørge, Lene Reigstad Danielsen, Anders Eidsnes, Hanne R. Eidsnes, Leiv Eidsnes, Bente E. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Oddvar Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Helga Marit Færø, Gunnar Hauge, Stanley Hauge, Torunn Hopland, Mali Øvretveit Hosøy, Alf Høyland, Elin Høyland, Margrethe Høyland, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Reidun Leknes, Astrid Nordpoll, Emil Nordpoll, Even Nordpoll, Grete Nordpoll, Stian Nordpoll, Gerd Nævdal, Marius Aase Nævdal, Merete Eidsnes Phillips, Olav Stordal Phillips, Håkon Rongved, Kirsten Rongved, Ellinor Skaten, Marna Skaten, Sverre Solberg, Cato Sperrevik, Grethe Titland, Åge Toft, Liv Reidun Sletten Vabø, Margareth Økland, Irene Øvretveit, Tonje Aarland, Benedikte Aase
I alt 78 deltakarar.
Øyvind Farstad (39) og Are Mjanger.
Odd Inge Høyland med ein gjeng rundt seg. Lengst bak kjem Terje Eidsnes i sitt løp nummer 311.
Are Flekke sjekkar tida si.

Petter Hindenes (29) med Karl Vågstøl litt bak.
Marius Eidsnes Phillips.
Neste løp:
Truleg i oktober 2026.
Tekst og foto: Stanley Hauge
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Stanley Hauge
Svein Roar Kvamme – djupt sakna
21.03.2026
Bjørn H. Nævdal ny karusellvinnar
07.03.2026
Vinterkarusell laurdag 7. mars på Eikanger
27.02.2026
Vinterkarusell på sommarføre
08.02.2026