Vinterkarusell på Eikangar laurdag 18. februar

Postet av Eikanger Idrettslag den 13. Feb 2017

Laurdag 18. februar vert det på ny vinterkarusellen på Eikanger. Løpet er det sjuande denne sesongen. Påmelding er som vanleg frå ca. kl. 14.30, og dei som skal trimma utan tidtaking kan starta så snart dei er påmelde.

For dei som skal springa på tid går starten alltid presis kl. 15.00 frå Eikanger skule.

Det vert trekt ut premiar på startnummer til om lag ein tidel av talet på startande.

Fin trim
Om du ikkje alt er i gang, kan deltaking i nyttårsløpet vera ein fin inspirasjon til å få fart att med trimminga etter jule- og nyttårsfeiringa.

I den lette og fine løypa rundt Eikangervågen, med start frå skulen, kjem du i lag med andre trimmarar. Farten avgjer du sjølv. Du kan springa for å oppnå ny bestetid eller du kan rusla rundt i hyggeleg lag med andre trimmarar – utan tanke på klokka. Og du treffer folk i alle aldrar, frå eitt-to-åringar til pensjonistar.

Løypa
Distansen er ca. 2,15 km. Men vil du trimma lenger er det fritt fram – slik mange gjer – dei tek ein ekstrarunde før eller etter løpet.

Tre løp til
I tillegg til løpet komande laurdag, vert det tre løp til fram til våren. Dei går 11. mars, 1. og 22. april.

Startkontingent
Vaksne: kr 40,00 per løp.
Born til og med 15 år: kr 20,00 per løp.
Familie (foreldre/føresette og born t.o.m. 15 år): kr 70,00

Sesong-premiering
Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får premie. Så de er framleis sjanse for dei som enno ikkje har delteke, til å sikra seg medalje for denne sesongen.
For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og 150 og 200 startar.

Tekst og foto: Stanley Hauge




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc