Sommarkarusell friidrett tysdag 12. juni

Postet av Eikanger Idrettslag den 4. Jun 2018

Tysdag 12. juni kl. 18.00 vert det friidrettsstemne for gutar og jenter på Ostereidet. Alle frå 5-6 år og oppover er velkomne til å delta. 40m, høgde og kanskje 300m/600m står på programmet i dette andre karusellstemnet denne sesongen.

Det er berre å møta opp og melda seg på stemnet. Påmeldinga kan skje frå ca. kl. 17.30 og fram til start. 

Startkontingenten er kr 20,00 anten du er med i ei, to eller alle øvingane.

Det er fint om foreldre er med og kan hjelpa til med arrangementet. Ekstra hyggeleg om du kan tenkja deg å vera med å dra i gang friidrettstrening for gutar og jenter. 

Karusell og trening 

Friidrettsgruppa legg opp til to sommarkarusellar før ferien,tysdag 22. mai og tysdag 12. juni. Start kl. 18.00 begge gonger.

Planen er også at det skal vera trening foe gutar og jenter tysdagane imellom desse stemnene, det vil seia tysdag 29. mai, 5. juni og tysdag 19. juni i veka etter det siste stemnet før ferien. Treningane vert frå kl. 18.00-19.00. 

Etter sommarferien er planen å ha to karusellstemner, og føreløpig er det lagt opp til treningar tysdag 21. august og 4. september. 

Ny grus på løpebana

I samband med at det skal leggjast ny raudstubb på løpebana, kan det verta endringar. Arbeidet med opprustinga vil truleg starta midt i juni.

Tekst og foto: Stanley Hauge  




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.