Lærum cup i Sogndal

Postet av Eikanger Idrettslag den 19. Jul 2015



Den siste helga i juni deltok Eikanger idrettslag med fire lag i Lærum cup i Sogndal. Desse laga var Eikanger Supergirls (årstrinn 2003 – 04 – 05), Eikanger Wild Ass (jenter årstrinn 2002 – 03), Eikanger gutar 2002 - 03 og Eikanger gutar – 14.

Til kvartfinale

Av desse laga var det Eikanger gutar – 14 som nådde lengst. Dei kom til kvartfinalen der dei tapte mot Stranda Vit. Trass i at dei hadde tidlege kampar (kl. 08.00) både fredag og laurdag, storkoste spelarane seg. Det er flott at dei kom så langt i cupen sidan dette er siste året dei kan delta.

Lærte mykje

Dei andre laga hadde flest tap, men høg læringskurve. Det blei diskutert mykje fotball og strategiar før kvar kamp, og trass nederlag kom motet igjen til neste kamp.

Flott arrangement
Lærum cup er ein flott arena til å byggje opp eit sosialt fellesskap og identitet i Eikanger Idrettslag. Alle laga heldt til på Sandvik camping i Gaupne som er ein kjekk campingplass i eit flott naturområde. Laurdagskveld var det felles grilling med langbord, god prat og glade born som sprang til og frå. Fleire lag hadde og kampar mot foreldre som ikkje nødvendigvis førte til vinn, men til mykje latter for alle partar.

Resultat
Eikanger Supergirls


Eikanger Supergirls – Langevåg Blå 1 - 2
Samnanger Tornado – Eikanger Supergirls 2 – 9
Ørnar – Eikanger Supergirls 4 - 1
Øystese – Eikanger Supergirls 5 – 2

Eikanger Wild Ass
Eikanger Wild Ass – Ørsta 1 – 11
Eikanger Wild Ass – Sædalen/Kringlebotn 0 – 2
Eikanger Wild Ass – Skodje Svart 1 – 4
Gol – Eikanger Wild Ass 9 – 0

Eikanger gutar 2002-03
Eikanger – Førde 1 0 – 12
Vik – Eikanger 8 – 1
Eikanger – Sandviken Rød 0 – 17

Eikanger gutar 14

Kaupanger – Eikanger 4 – 2
Aurdal/Leira/Fagernes – Eikanger 0 - 12
Eikanger – Vik 7 – 2
Stranda blå – Eikanger 5 – 0

Kvartfinale
Eikanger – Stranda Kvit 0 – 7

Fleire resultat frå Lerum Cup

Fotoglimt frå Lerum Cup
















Tekst: Nina Eide/Stanley Hauge Foto: Anders Eidsnes



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc