Ny Erdal-siger i karusellen

Postet av Eikanger Idrettslag den 2. Apr 2016

Martin Erdal tok ein ny siger i vinterkarusellen på Eikanger laurdag. Etter ein solid sluttspurt vann han på 7.16.

Det var andre sigeren til Erdal denne sesongen og den andre på rad. I alt har samningen, med slektsrøter på Eikanger, fem sigrar i karusellen. Vinnartida hans denne gongen var 7.16, fire sekund raskare enn for tre veker sidan. Bestetida hans er 7.06 frå februar 2014.

Spurten startar ca. 100 m før mål. Anders Eidsnes i tet tett følgd av Martin Erdal med Bjørnar Eidsheim nokre meter bak.

Eit par hundre meter frå mål kom tre løparar samla – Martin Erdal, Anders Eidsnes og Bjørnar Eidsheim. Mot slutten av den siste motbakken drog Erdal frå og auka inn mot mål etter ein god spurt. Han slo Anders Eidsnes med fire sekund. For Eidsnes var tida 7.20 ny personleg bestenotering med 12 sekund. Bjørnar Eidsheim var fire sekund etter Eidsnes. Med tida 7.24 slo han den gamle bestenotering si frå 6. april 1991 med eitt sekund.

Etter ein frisk spurt vinn Erdal med fire sekunds margin til Anders Eidsnes og Bjørnar Eidsheim kjem fire sekund etter Eidsnes.

Silje Lindstad vart ny vinnar i kvinneklassen. Ho debuterte i karusellen med 7.40 som er den raskaste vinnartida for kvinner i år. 19-åringen som representerer IL Norna-Salhus har då også sterke banetider som 2.19,6 på 800m og vel 4.47 på 1500m.

Silje Lindstad frå IL Norna-Salhus debuterte i karusellen med siger og årsbeste vinnartid på 7.40.

To gutar i 13-årsklassen, Kristoffer Nilsen Apelthun og Kristoffer Hopland, leverte sterke løp. Apelthun var raksast med 7.54, fem sekund etter sesongbeste – men det beste han har prestert sidan oktober i fjor. Kristoffer Hopland sprang på 8.05 og betra bestetida si med åtte sekund. Snart er nok også han under åtte minuttar.

Kristoffer Nilsen Apelthun i 13-årsklassen sprang på 7.54 og viste flott framgang.

Ein annan 13-åring som er i god framgang er Kristoffer Hopland som sprang på 8.05. Her slår han veteranen Ove N. Morken i spurten.

Sofie Nilssen med 9.48 og Stina Nes Sjursen med 9.53 var nummer to og tre blant kvinnene.

66 deltakarar stilte til start i dette neste siste løpet i sesongen 2015-16. Forholda var bra under løpet med opphald og vindstille.

Laurdag 16. april går det siste karuselløpet på Eikanger denne sesongen. Då vert det premieutdeling med medaljar til alle som har vore med i minst tre løp.

Med tida 7.20 kutta Anders Eidsnes 12 sekund av den tidlegare bestetida si i karusellen og vart nummer to. Bjørnar Eidsheim (startnr. 67) vart nummer tre – også han med ny personleg rekord.

Vinterkarusell 2015-16, 9. løp.
Eikanger 2. april 2016
Arr.: Eikanger IL
Stort sett opphald + 6-7° C, berr veg.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Martin Erdal 7.16
2. Anders Eidsnes 7.20
3. Bjørnar Eidsheim 7.24
4. Silje Lindstad 7.40
5. Sindre Skar 7.50
6. Kristoffer Nilsen Apelthun 7.54
7. Kristoffer Hopland 8.05
8. Ove Normann Morken 8.06
9. Bjarne Gausvik 8.22
10. Fredrik Moldestad 8.26
11. Erlend Skar 8.41
12. Jan Kårbø 8.53
13. Arve Henningsen 9.09
14. Terje Eidsnes 9.21
15. Arne Erdal 9.28
16. Roger Skar 9.29
17. Gunnar Hauge 9.42
18. Sofie Nilssen 9.48
19. Johannes Hopland 9.51
20. Stina Nes Sjursen 9.53
21. Olai Nepstad 10.10
22. Håkon Rongved 10.37
23. Sverre Solberg 10.50
24. Sunniva R. Eidsnes 11.49
25. Malene Landro Sjursen 12.09
26. Kirsten Rongved 12.32
27. Magnus Elvik 12.57
28. Silje Nes Sjursen 13.19
29. Astrid Nes Sjursen 14.34
30. Emily Sagstad 14.40
31. Eline Nes Sjursen 14.56
32. Frode Sjursen 14.57
33. Benedicte Landro 16.36

Utan tid:
Hallgeir Alme, Olav Alme, Rakel Alme, Gry Askeland, Marita Børdal, Leiv Eidsnes, Miriam R. Eidsnes, Sondre R. Eidsnes, Hugo Eikanger, Andre Midtgård Espevoll, Ann Kathrin Midtgård Espevoll, Annikken Midtgård Espevoll, Asbjørn Espevoll, Jan S. Fyllingsnes, Kristoffer W. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Bente Merete Færø, Stanley Hauge, Steinar Haukås, Andreas Hopland, Katrine Hopland, Leif Bjørnar Hopland, Torunn Hopland, Alf Høyland, Inge Leknes, Sigmund Nævdal, Sissel Skårnes, Cato Sperrevik, Tanita Sperrevik, Tony Thorsen, Grethe Titland, Laila Toft, Åge Toft

I alt 66 deltakarar.

Neste løp, karusellavslutting med premieutdeling:

Laurdag 16. april 2016 kl. 15.00

Bjørnar Eidsheim i mål på 7.24. Han betra den gamle bestetida si som han sette då han var 23 år i 1991. Sterkt gjort 25 år etter.

Bjare Gausvik noterte 8.22 denne gongen, medan Fredrik Moldestad debuterte med 8.26.

Veteranen Kirsten Rongved smilande i mål på ny sesongbeste – 12.32.

Magnus Elvik i klasse MV 75 noterte 12.57 – det raskaste han har hatt sidan i fjor haust.

Tekst og foto: Stanley Hauge




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc