Folkefest i første utgåva av Storset Opp

Postet av Eikanger Idrettslag den 11. Okt 2017


Motbakkeløpet Storset Opp gjekk av stabelen for første gong søndag, og trakk til seg over 350 deltakarar. Saman med ein god gjeng frivillige skapte dei det som med glimt i auget har vore omtalt som ”sykkel-VM-stemning” i Bjørsvik og på Storset. (Foto over: Daniel Gjelsvik.)

Løpsfeltet på veg ut frå start i Bjørsvik. (Foto: Ola R. Jordal.)

Saman for folkehelse, nærmiljø og ny Osterhall
Idéen om eit motbakkeløp frå Bjørsvik til Storset har eksistert ei stund, men det som gjerne ikkje er så kjend er at prosjektet vart plukka fram att frå gløymselen berre for eit par månader sidan. Innanfor denne korte tidsramma har Eikanger Idrettslag jobba på spreng for å samle turgåarar, barnefamiliar og aktive løparar til eit felles arrangement.

Eit viktig mål har vore å løfte fram folkehelse, engasjement for nærmiljø, idrettslag og den nye ”Osterhallen”, samstundes som idrettslaget har ønskt å gje eit fullgodt sportsleg tilbod til dei som ønskjer det.

Startområdet på kaien i Bjørsvik. Løparane gjer seg klare. (Foto: Ola R. Jordal.)

Massemønstring
At arrangementet fenga var det ingen som helst tvil om. Responsen frå folket var upåklageleg, og arrangøren kunne notere 353 påmelde i bøkene i Bjørsvik før startskotet small. Arrangøren hadde ordna med parkering på Ostereidet og shuttle-buss vidare til start på kaien i Bjørsvik for dei som ønskte det. Elles kom folk til fots, gåande eller lett joggande.

 Trimmarane starta fortløpande etter å ha fått nummer på brystet, og kunne nyte strålande sol og frisk haustluft heile vegen til Storset. Vel framme ved Storset-tunet vart folk møtt med forfriskingar, kulturinnslag og ulike aktivitetar.

 Speaker Audun Stusdal sørga også for at folk fekk god informasjon om når konkurranseløparane kom, og då løparane vart klokka inn ein etter ein var det kjempestemning framfor løa til Helge Færø og Bente Merethe Hølleland Færø!

 Helge og Bente Merethe, som sjølv er ivrige løparar, var aldri i tvil om at dei ville vere med å bidra til arrangementet då dei fekk spørsmål om det, og har begge lagt ned utallige dugnadstimar for at alt skulle liggje vel til rette.

Vinnartrioen i jenteklassen. Mjøsdalen-tvillingane Emma og Anna Hanstveit og Kristine Sleire Tistel frå Risnes (t.h.) på tredjeplass. (Foto: Daniel Gjelsvik.)

Godt sportsleg nivå og friske duellar
Blant konkurranseløparane var det høgt nivå og mange friske duellar. 

I jenteklassen (12-15 år) var det Mjøsdalen-tvillingane Emma og Anna Hanstveit som trakk det lengste strået og kom - nær sagt som vanleg - saman over mål på den sterke tida 15:05. På tredjeplass følgde skiskyttar Kristine Sleire Tistel frå Risnes IL med tida 19:20 - også det ein flott prestasjon i ei krevjande løype! 

Vinnartrio i guteklassen. (Foto: Daniel Gjelsvik.)

Blant gutane (12-15 år) var det Phillip Morken frå Fil Aks-77 som stakk av med sigeren på den fine tida 14:35, ei tid som held til ei svært god plassering også totalt blant alle herrane. Bak Phillip kom klubbkamerat i Aks-77 Kristoffer Nilsen Apelthun Færø, med eit godt gjennomført løp på tida 15:44, og på tredje Eikanger-karen Mathias N. Haugen med fine 17:26.

Blant seniorane leverte Anita Iversen Lilleskare (BFG Bergen Løpeklubb) og Svein Roar Kvamme (Norna Salhus) sterke prestasjonar og vann.

Vinnartrio kvinner. (Foto: Daniel Gjelsvik.)

 Lilleskare, som er ei av dei sterkaste motbakkeløparane nasjonalt, fekk tidleg ei luke på konkurrentane saman med Eli Anne Dvergsdal frå Gular, og desse to held saman fram til det stod att om lag 100 meter. Lilleskare sette då inn turboen og fekk dei nødvendige metrane på Dvergsdal. Tidene vart imponerande 13:56 og 13:57. På tredjeplass følgde Varegg-jenta Christina Ellefsen Hopland med 14:26.


God fart i feltet ut frå start. (Foto: Ola R. Jordal.)

I herreklassen danna det seg tidleg eit lite trekløver beståande av Svein Roar Kvamme (Norna Salhus), Halfdan-Emil Færø (Varegg) og Espen Roll Karlsen (Gneist). Desse held saman gjennom serpentin-svingane i Bjørsvik og eit stykke oppover grusvegen mot Storset, før Kvamme gjorde eit lite rykk og kvitta seg med dei to andre. Kvamme hadde disponert kreftene godt, held unna innover det småkuperte terrenget mot Storset og kom inn på den sterke vinnartida 11:46. Færø og Roll Karlsen vart klokka inn på høvesvis 12:08 og 12:14, også det svært sterke tider.

Litt rolegare tempo på dei som kom litt lenger bak i feltet. (Foto: Ola R. Jordal.)


Nøgde arrangørar – eit løft for Eikanger Idrettslag og Ostereidet-krinsen
Arrangørane i Eikanger Idrettslag var svært nøgde med gjennomføringa av arrangementet, ikkje minst med det høge deltakartalet på 353 som må seiast å vere imponerande for eit løp som stod på terminlista for første gong.

­­- Deltakartalet syner den nye given me føler at me har er i idrettslaget og i Ostereidet-krinsen. Det er ekstremt inspirerande for idrettslaget, bygdelaget, skulemusikken, skulane og andre som jobbar for fleirbrukshall og betre tilhøve for idretten og kulturen her på Ostereidet, seier gjengen bak arrangementet 

- Ikkje minst inspirerar det oss til å lage eit endå betre arrangement neste år, avsluttar dei. 

Tekst: Jo-Harald Færø

(Heile resultatlista er å finne på eqtiming.no)

Vinnartrio menn. Svein Roar Kvamme nummer ein, med Halfdan Emil Færø (t.v.) på andreplass og Espen Roll Karlsen på tredje. (Foto: Daniel Gjelsvik.)


I kø for å handla i kafeen - i den flott restaurerte løa på Storset. (Foto: Daniel Gjelsvik.)

Denne smilande gjengen hadde masse godt å by på!! (Foto: Daniel Gjelsvik.)

Det var greitt å få opp sekkane med klebyte m.m. inni. (Foto: Daniel Gjelsvik.)

Spurtduell også i mosjonsklassen. (Foto: Daniel Gjelsvik.)

Ein jublande Svein Roar Kvamme spring i mål som klar vinnar. (Foto: Daniel Gjelsvik.)

Anita Iversen Lilleskare til topps i kvinneklassen, smilande og jublande. (Foto: Daniel Gjelsvik.)


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.